fredag, august 11, 2006

I'm så bitter, så bitter.

Før, når pappan min hadde grov hud på hendene, slik full av små svarte strek, som eg lenge trudde var varige arr fordi dei aldri forsvann, inntil kobinasjonen altformykje jobb og altfor lite peng vart for kjip, det sa stopp, som med så mange andre, før min pappas hender, berre etter nokre veker uten gardsarbeid, vart mujke og glatte, så handla siloen om melk. Mø-mø-mø-mø-mø-mø lissom.



For møen spiser gress. Heile året. Derfor slo vi markene og fyllte siloen med gras. Vi stod i siloen, under slottane om sumarane, og jamna graset, før nesten lass med gras kom, forhøsteren som aldri står stille, og vi tok tak i dei store dungane med nyslått gras som hadde blitt pressa mistenklig godt saman berre av å dale ned frå silokanten, på det første lasset kom vassblemmene og på det andre lasset sprakk dei (ivertfall på mine pinglehender) , for det måtte bli flatt, slik at vi kunne sette på presse, slik at graset skulle halde seg utover vinteren, slik at melka skulle bli bra. Slik at du skal kunne seie "Vi liker latte"

Leieren for ein av bondeorgansiasjonane i USA sa til min pappa, da han kom ut i siloen for å hjelpe han å jamne eit lass, da det hadde blitt litt hektisk, på nabogården som vi dreiv (og framleis driv. Men passivt) samdrift med; "the farmers feed ther world, bur they can't feed their own families".

Og du vil påstå dette er klisjèfullt og teit, men du har ikkje min bitterhet, og truleg veit du ikkje kor tom ein tom silo er.

Likevel, eller kanskje nettopp derfor: silokunst.




2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Noko pompøst dette her, å min silo er so tom, so tom lissom.

Er det eigentleg derfor du driv silokunst?

Eller er dette kan hende ei slags ironisering over bygrafittifolkas romantisering av sitt liksom-hard-life, å eg er so utstøtt og sint på samfunnet lissom?

Men mykje god grafitti du har her.

Mø-mø-mø-mø!

4:32 p.m.  
Blogger Guro said...

altså, eg sprayer jo faktisk i siloen fordi den er tom, logisk nok.

Men nja, det er vel noko ironisk. Prøvde å skape ein "silokunst er eit uttrykk for min sinne over at samfunnet(byfolk!) behandlar meg dårlig" og ja, dette er ein parodi på bygrafittifolkas romantisering av sitt liksom-hard-life, å eg er so utstøtt og sint på samfunnet. Fann tilflukt i ein subkultur lissom.

Men samstundes, eg blir melankolsk av å gå rundt i vårt tomme fjøs. Og eg syns bønder får forlite forståelse av samfunnet. Men det er vel strengt tatt ikkje derfor eg sprayar i siloen nei.

11:59 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home