søndag, august 13, 2006


Lillesøster som laga.

lørdag, august 12, 2006

MicroGuroPopp


(litt behandla i photoshop)

fredag, august 11, 2006

OMG

Fordi den omg eg laga på sumarleiren vart mindre bra. Her er eit par andre forsøk:

(for lang tid. Kring 8 min. Hadde dessuten laga skisse)

(også kring 8 min, og skisse)

I'm så bitter, så bitter.

Før, når pappan min hadde grov hud på hendene, slik full av små svarte strek, som eg lenge trudde var varige arr fordi dei aldri forsvann, inntil kobinasjonen altformykje jobb og altfor lite peng vart for kjip, det sa stopp, som med så mange andre, før min pappas hender, berre etter nokre veker uten gardsarbeid, vart mujke og glatte, så handla siloen om melk. Mø-mø-mø-mø-mø-mø lissom.



For møen spiser gress. Heile året. Derfor slo vi markene og fyllte siloen med gras. Vi stod i siloen, under slottane om sumarane, og jamna graset, før nesten lass med gras kom, forhøsteren som aldri står stille, og vi tok tak i dei store dungane med nyslått gras som hadde blitt pressa mistenklig godt saman berre av å dale ned frå silokanten, på det første lasset kom vassblemmene og på det andre lasset sprakk dei (ivertfall på mine pinglehender) , for det måtte bli flatt, slik at vi kunne sette på presse, slik at graset skulle halde seg utover vinteren, slik at melka skulle bli bra. Slik at du skal kunne seie "Vi liker latte"

Leieren for ein av bondeorgansiasjonane i USA sa til min pappa, da han kom ut i siloen for å hjelpe han å jamne eit lass, da det hadde blitt litt hektisk, på nabogården som vi dreiv (og framleis driv. Men passivt) samdrift med; "the farmers feed ther world, bur they can't feed their own families".

Og du vil påstå dette er klisjèfullt og teit, men du har ikkje min bitterhet, og truleg veit du ikkje kor tom ein tom silo er.

Likevel, eller kanskje nettopp derfor: silokunst.